• strict warning: Non-static method view::load() should not be called statically in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/views.module on line 906.
  • strict warning: Declaration of views_attach_plugin_display_node_content::options_submit() should be compatible with views_plugin_display::options_submit(&$form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views_attach/views_attach_plugin_display_node_content.inc on line 7.
  • strict warning: Declaration of views_handler_argument::init() should be compatible with views_handler::init(&$view, $options) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/handlers/views_handler_argument.inc on line 32.
  • strict warning: Declaration of views_handler_filter::options_validate() should be compatible with views_handler::options_validate($form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/handlers/views_handler_filter.inc on line 26.
  • strict warning: Declaration of views_handler_filter::options_submit() should be compatible with views_handler::options_submit($form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/handlers/views_handler_filter.inc on line 26.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_row::options_validate() should be compatible with views_plugin::options_validate(&$form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/plugins/views_plugin_row.inc on line 24.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_row::options_submit() should be compatible with views_plugin::options_submit(&$form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/plugins/views_plugin_row.inc on line 24.
  • strict warning: Non-static method view::load() should not be called statically in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/views.module on line 906.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_style_default::options() should be compatible with views_object::options() in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/plugins/views_plugin_style_default.inc on line 13.
  • strict warning: Non-static method view::load() should not be called statically in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/views.module on line 906.
  • strict warning: Declaration of date_api_filter_handler::value_validate() should be compatible with views_handler_filter::value_validate($form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/date/includes/date_api_filter_handler.inc on line 15.
  • strict warning: Only variables should be passed by reference in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/date/date_api.module on line 866.

Å verne eller ikkje verne...

- det er spørsmålet. Etter ein flatehogst for nokre år sidan vart det funne ein granstubbe med 507 årringar, kunne biolog og vernetilhengjar Tom fortelja, mellom munnfullar av kyllinggryte. Og tidlegare på dagen hadde me passert i nærleiken av Norges eldste nolevande gran, som hadde 482årsjubileum då bursdagskontrollen var ute med boret sitt for få år sidan.

Trillemarka ligg mellom Eggedal og Rollag, og er eit område prega av gammalskog, myrer og fjellryggar som ristar seg laus frå liene og byr på vidt utsyn mot Norefjell og Gaustatoppen.

Ordentleg gammalskog, med rotvelt og frodig bregnevegetasjon. Ragnhild viser veg. Foto: Jorun Bye

Etter nokon hundre meters rusling i myra frå parkeringsplassen fann me Tråenvatnet, og kvifor gå over bekken etter vatn når ein allereie er våt nok…. Her var fine teltplassar, og når den svale brisen vart i overkant var det på med luer og skjerf og levegg av presenning. Me tok ikkje sjansen på bål i vinden, men primusane blussa bak leveggen, og kyllinggryte med kikerter og masse tomatar gjorde susen. Litt mørkt vart det riktignok etter kvart, men telys og stjernehimmel er koseleg det og. Og kvelden var uvanleg tørr og fri for dogg.

Ivrig speiding
Vigdis, Nina, Eva Dagrun og Anniken i intens kartdiskusjon. Foto: Jorun Bye
Edderkoppnett
Vigdis og Anniken fann eit edderkopnett... Foto: Rine G. Carlsen
...med Korsedderkop
... med korsedderkop. Foto: Rine G. Carlsen

Laurdag gjorde me Trillemarka – ein fin runde på 5 – 6 timar som turleiar Nina hadde rekognosert seg fram til på førehand. Opp gjennom lia der gamle sølvskjeggete tre, gyldne myrer og frodige setervollar til slutt gjekk over i snaufjell. Etter beundring av utsikt frå Langseterfjellet bar det gjennom lett kronglete landskap til den idylliske Minnekleivsetra, der me åt nistepakkene våre.

Me såg aldri noko til den vidgjetne huldrestrya, men nokre få kantarellar var eit minst like triveleg bekjentskap. Nedover lia balanserte me over og under verneverdige vindfall, til bringebærterrenget vida seg ut, og me enno ein gong høyrde den moderne verda modernisere seg vidare til tonane av eit aggregat.

Eva Dagrunn luftar tærne
Tålufting utanfor Minnekleivsetra. Foto: Rine G. Carlsen

Og kva er vel betre enn eit bad, i overraskande behageleg temperatur, før kaldt øl og sprøtt potetgull på svaberga ved Tråenvatnet. Til middag fekk me besøk av den tidlegare nemnte Tom, som sveipa innom på kveldstur og straks vart invitert på kyllinggryte med pølser og berre litt tomatar. Han kunne fortelja om steile frontar i diskusjonen om vern av Trillemarka, der grunneigarane i utgangspunktet vil verne minst mogleg, medan miljøvernarane peikar på at området er eitt av dei få me har igjen der verkeleg gammal skog har fått stå urørt.

Utover kvelden brant bålet i kanten av eit blikkstille vatn.

Sundag kom med småregn. Det hindra ikkje Eva Dagrun i å fyre opp kaffibålet på stranda att, og ho fekk snart selskap av resten av damene. Me reiv leiren, og sa hadet til eit par stykke som sette kursen heimover, medan resten køyrde ein stubb og gjekk opp på Andersnatten. Den store utsikta gjekk me riktignok glipp av, men denne fjellknatten er eit fint turmål.

Regn og tåke - toppen på Andersnatten
Regn og tåke - toppen på Andersnatten. Foto: Ragnhild Krogvig

Dermed hadde dei fleste av oss stifta eit nytt geografisk bekjentskap, og me håper me aldri finn stubbar der dei 500 årringane let seg telje!

Med på Trilleturen:
Anniken, Dagny, Eva Dagrun, Jorun, Nina, Susanne, Ragnhild, Rine, Toril, Turid, Vigdis. Og Franz.

Kveld rundt bålet
Bål- og kveldsstemning ved leirplassen vår. Kan ein betre ha det? Foto: Rine G. Carlsen
2007

Bildegalleri

Klikk på et bilde for å forstørre. Bruk piltaster eller trykk i høyre/venstre del av bildet for å få opp hhv neste eller forrige bilde.

  • Ordentleg gammalskog, med rotvelt og frodig bregnevegetasjon. Ragnhild viser veg
  • Vigdis, Nina, Eva Dagrun og Anniken i intens kartdiskusjon. Foto: Jorun Bye
  • Vigdis og Anniken fann eit edderkopnett... Foto: Rine G. Carlsen
  • ... med korsedderkop. Foto: Rine G. Carlsen
  • Tålufting utanfor Minnekleivsetra. Foto: Rine G. Carlsen
  • Regn og tåke - toppen på Andersnatten. Foto: Ragnhild Krogvig
  • Bål- og kveldsstemning ved leirplassen vår. Kan ein betre ha det?