• strict warning: Non-static method view::load() should not be called statically in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/views.module on line 906.
  • strict warning: Declaration of views_attach_plugin_display_node_content::options_submit() should be compatible with views_plugin_display::options_submit(&$form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views_attach/views_attach_plugin_display_node_content.inc on line 7.
  • strict warning: Declaration of views_handler_argument::init() should be compatible with views_handler::init(&$view, $options) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/handlers/views_handler_argument.inc on line 32.
  • strict warning: Declaration of views_handler_filter::options_validate() should be compatible with views_handler::options_validate($form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/handlers/views_handler_filter.inc on line 26.
  • strict warning: Declaration of views_handler_filter::options_submit() should be compatible with views_handler::options_submit($form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/handlers/views_handler_filter.inc on line 26.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_row::options_validate() should be compatible with views_plugin::options_validate(&$form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/plugins/views_plugin_row.inc on line 24.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_row::options_submit() should be compatible with views_plugin::options_submit(&$form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/plugins/views_plugin_row.inc on line 24.
  • strict warning: Non-static method view::load() should not be called statically in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/views.module on line 906.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_style_default::options() should be compatible with views_object::options() in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/plugins/views_plugin_style_default.inc on line 13.
  • strict warning: Non-static method view::load() should not be called statically in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/views.module on line 906.
  • strict warning: Declaration of date_api_filter_handler::value_validate() should be compatible with views_handler_filter::value_validate($form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/date/includes/date_api_filter_handler.inc on line 15.
  • strict warning: Only variables should be passed by reference in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/date/date_api.module on line 866.

Vennleg fjell og frådande sinna elv

Vi hadde verdas finaste basecamp! Etter tips frå Ragnhild, som har hytte i Heidalen - som elva Sjoa renn gjennom - slo vi leir på 1100 moh, rett under den vesle toppen Steinhø i Heidalsfjella. Det var sol og nydeleg vêr då vi kom fram, og alt låg til rette for ei flott helg.

Tre av oss - Eva Dagrun, Daniela og underteikna skulle tilbringe helga i felles lavo oppe i fjellet, medan dei to andre, Kari og Toril overnatta i kombicamp nede i dalen ved Sjoa Rafting. Fyrste kvelden grilla vi alle i basecampen vår. Ragnhild, som var på hytta si i nærleiken, kom også og besøkte oss. Veldig hyggjeleg kveld, som varte godt ut i dei mørke timane, då vedkubbane på grillen heldt oss varme, medan nattekulda senka seg rundt oss.

Basecampen vår oppe i Heidalsfjella. Frå venstre Eva Dagrun, Rine og Daniela. (Foto: Rine G. Carlsen)

Raftedagen opprant med strålande sol og skyfri himmel, og frista med laaang frokost, som vi måtte korte betydeleg ned på for å rekke raftinga. På Sjoa Rafting var det hektisk stemning då dei 50-60 personane i vår gruppe skulle utstyrast med våtdrakt, badesko, hjelm og redningsvest og bussast opp til startstaden. Her fekk vi ei kjapp, og lettare galgenhumoristisk innføring i kva ein bør, og ikkje bør gjera om ein skulle ramle ut av dei gule plastflåtane:

  • Ikkje gjer dette: forsøk å stå på elvebotnen - då kan du fort hekte fast føtene i botnen, og så kjem nokre tonn med vatn i full fart og pressar resten av kroppen ned i vatnet . Du druknar...
  • Gjer dette: Legg deg på rygg i fartsretninga, helst saman med åra, og aller helst med eit fast grep om eit av tauga som var festa rundt kvar flåte. No kan du enkelt reddast opp i flåten att.

Alle flåtane fekk tildelt ein erfaren guide som instruerte oss som skulle padle. Ei brokete, tøff forsamling frå dei aller fleste hjørne av verda. Vi fekk Steve frå USA - ein ung, skjeggete kar med tydelege instruksjonar og stødig opptreden. Vi som padla var motoren medan guiden var styrmann og kaptein.

Kjapp innføring i korleis ein skal te seg om ein havnar i elva. (Foto: Sjoa Rafting)

Den kalde sommaren hadde latt store snømengder vera att i fjella. Varmeperioden i august sette fart i snøsmeltinga, og elva var no akkurat passe flomstor - og sabla kald! Etter eit par hundre meter med enkel padling la vi til inne i ei vik der vi skulle øve på kameratredning. Så no måtte alle ut av flåtane og ligge i det kalde brevatnet medan dei venta på å bli redda inn att i flåten. Ei kald oppleving...

Etter dette var raftinga i gang for alvor. Vi sette ut for dei fyrste stryka, med skummande, rasande kvite bølgjer, med striper av isgrønt brevatn innimellom. Fyrst skremmande, men etterkvart som vi opplevde å meistre det sinte kvite vatnet, meir og meir morro! Vi fekk prøve oss på rekker med krappe, høge bølgjer i kjapp rekkefølgje. Her gjaldt det å setja åra rett inn i den kvite veggen av vatn som møtte oss, og padle ut av livet, så vi fekk fart opp bølgja og kom oss ned på andre sida. Om farten var for liten risikerte ein at båten ikkje kom over bølgja, og vart flippa over, så alle hamna i elva... Etter å ha komme oss heilskinna (om ikkje tørrskinna...) gjennom eit krevjande parti, slo vi alle årene mot kvarandre i lufta, og brølte av full hals - fulle av adrenalin, og litt stolte. Underteikna brølte i grunn rett som det var elles også...

Adrenalinfylt action! (Foto: Sjoa Rafting)

Etter ein kjapp varm lunsj, som vi inntok i kald våtdrakt, bar det opp i elva igjen for runde nummer to. Vi rafta gjennom same elvestrekninga som i fyrste runde, men med litt meir fart og action - no som vi hadde fått litt erfaring. Det var rett og slett ein nedtur å måtte avslutte. Men vi hadde lagt ein slagplan, og etter å ha levert frå oss våtdrakta og dei andre effektane, kasta vi oss over næraste oppvarma utandørs badestamp. Etter 4-5 timar i meir eller mindre nedkjølt tilstand var dette omtrent som å koma til himmelen! Og her vart vi ei god stund...

No sa vi farvel til Kari og Toril, og køyrde opp att til basecampen vår på fjellet - varme, men svoltne. Ein kald vind gjorde det utriveleg ute, så kveldens grillpølser vart inntatt inne i lavoen.

Dagen etter tok Eva Dagrun og Daniela ein fottur i nærområdet, medan underteikna køyrde ned til Ragnhilds hytte, eit par kilometer unna, og fekk ein guida tur til naturreservatet Berdøla. Ei djup og trong sideelvkløft til Sjoa, verna på grunn av høg artsrikdom. Underteikna knipsa bilete medan Ragnhild fiska seg middag på heile 5 små ørret i løpet av kort tid.

Etter ein siste felles lunsj hos Ragnhild drog alle kvar til sitt etter ei innhaldsrik og koseleg helg.

Dei som var med:
Daniela, Eva Dagrun, Kari, Rine (turleiar) og Toril. Ragnhild var hyggjeleg selskap og guide.

2015

Bildegalleri

Klikk på et bilde for å forstørre. Bruk piltaster eller trykk i høyre/venstre del av bildet for å få opp hhv neste eller forrige bilde.

  • Adrenalinfylt action! (Foto: Sjoa Rafting)
  • Basecampen vår oppe i Heidalsfjella. (Foto: Rine G. Carlsen)
  • Kjapp innføring i korleis ein skal te seg om ein havnar i elva. (Foto: Sjoa Raft
  • Relativt tøff rafteguide... (Foto: Sjoa Rafting)
  • Raftedamene. (Foto: Sjoa Rafting)
  • På veg inn i fyrste store bølge. Litt skeptiske... (Foto: Sjoa Rafting)
  • Det ser ut til å gå bra. Smila byrjar å bryte ut (Foto: Sjoa Rafting)
  • Flomstor Sjoa. (Foto: Sjoa Rafting)
  • På veg inn i ein vegg av vatn. (Foto: Sjoa Rafting)
  • Vi slukast av bølga... (Foto: Sjoa Rafting)
  • Inne i ein bølgedal... (Foto: Sjoa Rafting)
  • Eva Dagrun og åra skimtast inne i vannmassene. Kjem vi over? (Foto: Sjoa Rafting
  • Over bølgetoppen...! (Foto: Sjoa Rafting)
  • Skummet har spruta bort, og synar at alle fortsatt sitt i flåten (Foto: Sjoa Raf
  • På veg inn i neste bølge! (Foto: Sjoa Rafting)
  • Inn i kvar vår bølge. (Foto: Sjoa Rafting)
  • Elva Sjoa renn gjennom flotte Heidalen. (Foto: Sjoa Rafting)
  • På veg inn i "The beer machine". (Foto: Sjoa Rafting)
  • Ferdig med fyrste runde! (Foto: Sjoa Rafting)
  • Bølgeridning 1 (Foto: Sjoa Rafting)
  • Bølgeridning 2 (Foto: Sjoa Rafting)
  • Bølgeridning 3 (Foto: Sjoa Rafting)
  • Bølgeridning 4 (Foto: Sjoa Rafting)
  • Bølgeridning 5 (Foto: Sjoa Rafting)
  • Ragnhild fiskar seg middag i den trange elvedalen Berdøla (Foto: Rine G. Carlsen