Lesbisk Turlags orreleik - versjon 7.0
Ettersom siste orreleik i LTs regi låg så langt tilbake i tid som 2009, var det på tide å ta opp att denne vårtradisjonen. Årets leik var nummer sju i rekka - og viste seg kjapt å bli svært populær.
Turleiar hadde funne seg ein god leik i Østmarka denne gongen - med ei fantastisk beliggenheit for gapahuken. Einaste ulempa var at det berre ville vera plass til fem personar inne i huken. Og ettersom talet på deltakarar kjapt oversteig byggets maksantal, måtte reservemannskapar hentast inn, og ekstraleik arrangerast. Fint å vera populær!
Gapahukbygging
I år valde vi å la gapahukbygging vera ein del av opplegget. Ei veke før sjølve leiken brukte sju av damene ein dag på å bygge gapahuk - slik at orrhanane skulle venne seg til det nye bygget ved myra deira, og ikkje vera skremde når vi kom dit ei vekes tid seinare. Og etter alt å døme har det aldri vore reist eit meir solid byggverk på den myra - eit lite palass av furustammer, presenning, kvist og kamuflasjeduk!

Fyrste orreleiklag sine opplevingar
Fredag, rett etter jobb, gjekk fem spente damer innover mot orreleikmyra og gapahuken vår. To av oss hadde vore på same leik i fjor, og resten hadde aldri vore på orreleik før - dei skulle ikkje bli skuffa! Vi laga oss Chili Con Carne til middag, og enkelte kosa seg med vin og medbrakt vinglass. Etter solnedgang vart det kjapt kaldt, og ein etter ein forsvann damene ned i dei varme soveposane. Naudsynte ærend vart unnagjort ved 02-tida, og så var det berre å vente - eller sova, for dei som fekk til det...
Ved fem-tida høyrde vi lyden av tung fugl som kom inn glidande inn for landing i tretoppane, og etterkvart ned på myra. Det var fortsatt mørkt, så vi kunne berre høyre lydane. Mest sjoing - den karakteristiske tjo-yhhh - i starten, så meir buldring, og etterkvart lyden av flaksing og slåssing. Lyden ber godt over myra, og det er mogleg at den tydelege kanten av tre på andre sida bidreg til å forsterke lydane, i alle fall fekk vi ei intens lydoppleving!
Etter ei stund avtok spelet, og ein einsleg orrhane la seg til å sova 10-15 meter utanfor gapahuken. Ein times tid seinare - etter soloppgang, starta leiken igjen, no med lys, og fortsatt like mykje lyd. Etterkvart flytta leiken seg slik at fleire orrar sloss og herja berre 10-15 meter rett utanfor gapahuken vår. Ei spanande oppleving!

Ved 9-tida var det heile over. Det hadde vore ein intens leik, og vi talte seks hanar totalt - eit greitt tal i ei tid der talet på orrhanar gradvis minskar rundt omkring i landet.
Etter frukost pakka vi saman og tusla heim til resten av helga.
Med på turen var: Katrin, Kjersti, Mari, Rine (turleiar) og Silje